søndag 23. januar 2011
Å VÆRE I LIVET ♥
Dette - å være i livet,
...open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygd
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innon dørene der
og aukar den rikdom som fins der før
med alt det dei sjølve er.
Fattig var du som aldri
i livet kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt bli gjort opp
at meir enn du gav - fekk du att.
av Halldis Moren Vesaas.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar